Har ikkje vore so veldig mykje spennande so har skjedd denne veka.. Ungane har vore sjuke, spesielt Lina! Martin har berre hatt litt småfber, medan Lina har vore oppe i 40 grader. Onsdag var det Geir sin tur til å vere heime med Lina, Martin var med i bhg :)
Torsdag hadde eg heimedag med begge to. Lina var feberfri på morgonen, var i mykje beire form, so vi fant fram litt maling og kosa oss.
På kvelden var det tid for strikkekveld hos Inga, kosa oss med gode boller og kakao og ikkje minst skravlings :)
| Lina med kunstverket sitt |
| Full konsentrasjon |
Fredag er fridagen til meg og ungane :) Lina hadde feber igjen og var slappare. Vart litt smårydding, før snille svigermor passa ungane so eg fikk reist til Førde å handla inn litt til helga. Dyra i fjøsen har vist fått seg ei sykje og, fokjøla og diare... gusj!!!
Etter at ungane var i seng, testa eg ut Inga sin skinkepai, kan anbefalast på da sterkaste :) ;)
Idag Lørdag har ikkje vore heilt dagen, eg har ikkje vore i form heller idag... Haudeverk, fryser, slapp, verker i kroppen... Men har ikkje fått noke feber heldigvis. Eg og Lina har for da meste lege på kvar vår sofa å slappa av. Etter at Martin var ferdig med luren sin, kom snille besta Nordis opp å henta han med seg ned der ein tur. Geir kom heim med Martin til leggetid, men luren han har nok vore litt sein idag, for brukte over ein time på å få han til å sovne ikveld. Ikkje ofte kl er 21 på kvelden når han sovnar. Lina la seg heldigvis fint.. Håpa berre dei sover lenge i morga, så eg får slappe av lengst mulig.. No har vo kosa oss med heimelaga pizza til kvelds, ser på politiskulen 4 og lader opp til ein ny dag i morga :)
| Snille tante Mariann hadde kjøpt med litt chips til Lina. |
Ha ein super Lørdagskveld vidare ;o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar