Kort oppsummering av dei dagane som har gått!!!
Lørdag var eg sjuk og, influensa greiene som ungane har. Skulle egentlig i 30 årsdag på kvelden, men måtte desverre avlyse :( Eg so stressa med gave på fredagen... jaja... skal no ha meg ein tur på besøk å få levert den seinare!!! Elles ikkje noke spennande som skjedde den dagen akkurat :o/
Søndag... dagen starta mykje bedre, formen min var stigandes.. sjølv om eg var slapp i kroppen!! Seinare på dagen tok Geir ungane med på ein liten traktortur, so då nytte eg tida for meg sjølv i boblebadet... Lenge sidan eg har teke meg tid til eit bad, so gjorde godt for kropp og sjel :) Etterkvart kom Geir og Martin heim, Lina hadde nekta å vere med.. so ho var igjen nede med besta si!
Hadde avtalt med sjefen at eg skulle prøve meg på jobb igjen mandag,..... Men slik skulle da ikkje verte... seint søndagskvelden kom den forbaska feberen snikandes igjen... so etter ei natt med ganske so lite søvn og dårleg samvittighet, måtte eg sende mld tidleg på morgonen at eg ikkje kom alikavel :(
So Mandagen, vart da heimedag med sjuke meg, ein stk suuper sur Martin og ei friskare Lina!! Skulle helst sett at eg hadde hatt dagen for meg sjølv.. Men snille svigermor kom opp seinare på dagen og lånte dei med seg, so eg fikk kvile meg litt!! Alt i alt vart mandagen for da meste tilbragt på sofaen :/
Tirsdag va heldigvis formen bedre igjen, feberfri var både eg og Martin!! Lina vart levert i barnehagen, so ho kosa seg der medan eg og småttisen kosa oss heime... Han sov nesten til 9, vel og merke i senga med meg... so da kom eg meg ikkje opp før han vakna heller :) Var mykje sofa denne dagen og, men heldigvis meir energi!!! På kvelden var eg ein rask tur ned til my big sis!!! Skulle berre ned å prøve litt ulike jakker av merket Betty Rides!! Masse fint å velge mellom.. Vart tilslutt to jakker.
Onsdag, rettare sagt, dagen idag :) Kom meg endelig på jobb!!! Med ungane på slep, Martin har vore litt sutrete tidleg idag... men kom seg etter ein liten lur på maks 45 min... jadda... 45 min liksom.... Mens eg var på jobb, fikk ein fin telefon frå Tollpost, han hadde ein pakke til meg.... jippi.. my new urban jungle !!! Fikk den i bilen, so var det det berre å komme seg heim å få pakka den opp :) Vart faktisk vognmontering før ein beg på middagen idag!! Nice!! Lina bles opp hoppe kyra til Martin ( sjølv om ho helst ville ha den).
Middagen vart so enkelt som omelett med skinke og purreløk :) Etter middag vart da ein liten kvil på sofaen... trøtt og sleten som fy!!! Ikkje so lett å blunde med to ungar og ein mann som bråka i same rommet!!! Tilslutt hadde vi oss ein tur i fjøsen og helste på dei to små lamba som va komt idag :) Lina ville ikkje heim igjen, so måtte love ho ein tur i fjøsen i morga og ;)
Eit bildereas frå fjøsturen vår :)
| Måtte helse på kalvane først. |
| Kjekt med lamb igjen. |
| Vil prøve å løfte eg og :) |
| Snille besta kom, so fikk Martin holde litt og :) |
| Vil gje kos |
So var det heim, kvelds og senga på ungane, lang kveld for meg sjølv trudde eg.... men neida... Martin trollet hadde ikkje tenkt å legge seg fint i kveld.. styra på i over ein time, før han endelig sovna!! So no håpa eg da blir ei roleg natt, må opp tidleg på jobb i morga!! No er da CSI Miami, før eg tek kvelden!!
Ha ein fin fin kveld!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar