søndag 22. april 2012

Søndag.......

Då er helga straks over!

Idag har vi feira Geir sin bursdag, så gårsdagen gjekk med til litt baking og rydding og vaskiug av huset!!! På morgonen baka eg og ungane cupcakes, før Lina reiste på besøk til venninna si Emilie: Ho fikk gå bort heilt aleine idag, var ganske so stolt :o)

Nam med kakerøre


Søten min
Noken av muffinsane


Etter Martin sin blund, hadde vi oss ein tur ned i sauefjøsen og helste på alle lamba so va komt, hadde ikkje med meg verken mobil eller kamera, så vart ikkje noke bilder!! Etterpå fikk Martin reise på besøk til Besta og Besten. Lina var med Geir å gylla!!

Eg måtte heim, da eg hadde ein del å gjere fortsatt :) Snille mammaen og pappaen min kom å hjalp meg litt! Pappa skifta til sommerdekk på nye bilen, medan mamma vaska kjøkken og stuevinda mine!!! Eg fikk hengt opp nye gardiner på soverommet vårt, demontert stellebordet på badet nede og satt ned igjen hylla som stod der før!! Deilig å få litt større plass igjen!! Fikk støvsugd og vaska heile huset, deilig!! Vart ein noke sein kvelds på meg og mannen, men godt med da andre so va gjort!!!

Kos med bestemor

Lina snuppa mi :)


Fikk no på plass kommoden og, så slenger inn eit bilde av den :o)

Den gamle kommoden er komen på loftstua

Litt pynt på toppen


Dagen i dag starta tideleg... Martin vakna kl 6...zzzzzzzz..... Min tur til å stå opp ja!!! kosa oss med litt frukost, rydda litt! Etter at Geir var ferdig i fjøsen, rok han med seg ungane ut, så fikk eg lagt i hope og rydda siste resten før bursdagen!!! Eg hadde meg ein liten tur ut før Martin tok seg ein blund, etterpå hjalp eg Geir so vidt med å gjerde inn rundt huset ( flytta litt på gjerdet som var der frå før).

Snøklokkene står fint ute enda :)
Lina kosa seg ute i sola!!

Testa ut stolane sine
Traktor i sikte

Ei til som følge med på traktoren

Nydelig ute


So kom gjestane og vi fikk feire Geiren min  :o)

Bordet dekka og klart

Den gode fromasjkaka som mamma har baka

Geir måtte blåse ut lys :p
Her går vi direkte på glasuren

MMMnnnnnnnnn

Ei snuppe som kosar seg

No er ungane i seng, og eg skal faktisk snart i seng ser eg da an til  :)

Ha ein fin søndagskveld!!!



Eg og ungane baka cupcakes igår, pynta dei idag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar